6259 Views

Møt Karsten Warholm på privaten

Mai 28, 2018
Skrevet av:

Kristin Roset

–Ikkje lenge etter VM gullet tok eg turen hit,- på hytta. Langt frå all ”ståheien”, seier Karsten Warholm. Vår aller beste 400 meter hekk løpar gjennom tidene, oppvaksen i Ulsteinvik, og med aner i Nordfjord.

Karsten Warholm
Slappar av: Karsten finn roen på hytta i Nordfjord.

Finn roen
Intervjuet blir publisert på nynorsk; rett og slett fordi Karsten sjølv er Vestlending og det same er skribenten. Det er noko med å kjenne seg att i det som blir sagt.

Mor Kristine har ”vist veg” via telefon til hytta som ligg godt utanfor allfarveg. Her er det ingen naboar i nær omkrets. Det er påskero, ein fantastisk utsikt og vill natur like utanfor døra.

–Eg kom saman med kjærasten i går. No skal vi berre være saman med familien og slappe av, før flyet lettar frå Sandane flyplass i retning Oslo att, seier han.

Hytta er full av familiemedlemmar. Det er bestemor Elsa som kjem frå staden, det er mor Kristine og far Mikal, det er onkel og tante, kjærast og søster. Åtte stykk er samla i påskehelga. Eit avbrekk Karsten set pris på.

–Eg er her ikkje så ofte, men det blir eit par turar i året. Nokre gonger har eg heilt treningsfri, andre gonger blir det ei treningsøkt på Byrkjelo. Denne gongen er det fri. Det gjer godt etter mykje trening i det siste, seier 22 åringen frå Ulsteinvik som i vinter viste kanonform med verdsrekord på 300 meter hekk innandørs i Finland.

 

Mamma og manager
Mamma og manager: Mamma Kristine har fått nok å gjere etter at sonen blei verdsmeister i fjor.

Familien betyr mykje
Karsten bryr seg om familien. Det er ikkje så ofte han får sjå dei, då han bur i Oslo til dagleg. Han set difor pris på å kunne møtest på denne måten.

–Eg bur saman med nokre gode kameratar i Oslo, og tida går med til trening og reising. Eg har likevel mykje kontakt med familien og spesielt mamma som er manager. Ho styrer det meste når det gjeld avtalar og planar. Det er veldig greitt, då eg ikkje er fullt så strukturert på den biten, seier han og ler.

 Siste halve året annleis

Han tek ein slurk kaffi medan han pratar vidare. Kvardagen har endra seg etter VM gullet i fjor. Han er meir populær, og får stadig spørsmål om å stille opp i TV- program eller i anna media.

–Eg ynskjer å gje noko tilbake, så det er eigentleg berre moro å få spørsmål. Likevel må eg sile ut det som tek meir energi enn det vil gje. Hadde eg stilt opp på alt, ville det gå utover treninga. Det er ikkje aktuelt, seier han.

På spørsmål om han har endra seg etter suksessen i fjor, fortel han.

–Nei, eg føler meg som den gode gamle Karsten. På same tid trur eg dei fleste kjenner ei eller anna form for endring når ein går gjennom ekstreme opplevingar. For min del har eg blitt meir sjølvbevisst. Eg må prioritere, og fokusere på det som er viktig. Og det er å være friidrettsutøvar på heiltid.

Karsten Warholm
Som før: –Eg føler meg som den gode gamle Karsten sjølv om det har vore mykje ”styr” det siste halve året, seier Karsten Warholm.

 

Trene smart
For det er trening og friidrett som bestemmer kvardagen til Karsten. Saman med trener Leif Olav Alnes blir det brukt fleire timar for dag på løpebana, og i styrkerommet. Når han kjem heim ventar det restitusjon. Og Karsten er ikkje redd for å lytte til kroppen.

–Noko av det viktigaste eg har lært av Leif Olav er å trene smart. Han ringer meg kvar dag for å høyre korleis eg kjenner meg. Det er avgjerande for kva slags trening eg skal gjennomføre. Han er veldig nøye på dette, og det fungerer. Eg trur dessverre mange trener for hardt, tek for lite omsyn til kvile og misser den framgangen dei kunne fått.

Men på dette feltet har også Karsten måtte gå ein veg, for då dei blei eit team, merka han raskt kunnskapsnivået trenaren sat inne med.

Eit godt team
–Han har lang erfaring som trenar, har delteke på svært mange meisterskap og veit kva ei trenar-rolle inneberer. Det tok derimot litt tid før eg klarte å sette ord på dei svara han ville ha etter treninga. Eg var trass alt svært ung, og visste ikkje heilt kva eg skulle kjenne etter. I dag har dette endra seg. Vi har ein utruleg god dialog, og eg har lært mykje av Leif Olav.

Og det er ingen tvil i at ”paret” har god kommunikasjon, og at humor er viktig.

–Vi har det utruleg moro i lag. Humoren er sikkert sær for nokon, men for oss er den heilt perfekt. Likevel kan Leif Olav være alvorleg. Og i dei stundene veit eg å halde øyrene opne og kjeften igjen. Eg respekterar trenaren min fullt og heilt. Det er jo han som er arkitekten bak dette, seier Karsten.

Kan leve av friidretten

Unggutten frå Ulsteinvik og Dimna Idrettslag har blitt fort vaksen som idrettsutøvar. Brått er han så god at han blir invitert på alle dei store internasjonale stevnene og sponsorane kjem til han og ikkje omvendt. Han kan leve av friidretten, noko svært få kan i Norge i dag. Det veit han å setje pris på.

–Det er stor forskjell på å være fotballspelar og friidrettsutøvar. Og det er ikkje enkelt å kunne leve av å springe, difor føler eg at ”lønna” er fortent etter alt arbeidet eg har lagt ned. Og den takksemda har eg tenkt å vise vidare gjennom gode resultat.

Karsten Warholm
Mat må til: Karsten leitar etter noko godt å ete.

 

Svolten på meir
For motivasjonen til 22 åringen er langt frå noko mindre etter fjorårets suksess. Karsten er svolten på meir- mykje meir. Han vil springe fortare, og prestere maksimalt i komande meisterskap. I blikket er målsetningane store, men han vil helst ikkje snakke om dei inste tankane.
–Leif og eg har som hovudmål om at framgangen skal forsetje. Gjer den det, vil også resultata kome. Og dei kan bli store. Kva vi pratar om mellom fire veggar, held eg for meg sjølv seier han og smiler lurt.


800 meter?
På spørsmål om han ynskjer å prøve 800 meter, smiler han kanskje ennå lurare.

–Tja, eg har tenkt tanken ein gong i framtida, men per dags dato ser eg ikkje når det skal skje. Likevel trenar eg ein del 600 metrar, og har sprunge ”ganske greitt” på trening. Vi får sjå, seier han.

Det er kjekt å prate med Karsten, og ikkje minst resten av familien. Dei er samansveisa og har eit godt humør. Latteren sit iallfall laust, og dei kosar seg på hytta. Far hogger tre, bestemor og mor drikk kaffi i solveggen, søster badar i jakuzzien og kjærasten går på ski. Eg spør korleis han vil beskrive seg sjølv som den private Karsten.

 Utadvent med ein vinnarskalle
–Hm, eg må tenkje. Ikkje så ofte eg får slike spørsmål, men eg vil sei at eg er utadvent sjølv om eg også likar å trekke meg tilbake. Og så er eg vel ganske inkluderande trur eg, og livlig. Iallfall likar eg å være sosial og synes for eksempel det er topp å bu med kameratane mine i Oslo. Då er det alltid nokon heime, og det set eg pris på.

Men som friidrettsutøvaren Karsten då. Korleis vil du beskrive han?
–Då er han ambisiøs,  han har lært seg å trene smart og eg vil vel også sei at han har opparbeida seg ein ”vinnarskalle” etter kvart. Takke være trenar Leif vil eg sei. Han er rå på å formidle det.

Vi avsluttar intervjuet på hytta i Nordfjord med ein god klem og eit stort til lykke med komande sesong frå magasinet Friidrett. Vi gler oss vilt til sommaren.

 

Karsten Warholm

 

MEIR OM KARSTEN

Favorittstadion:Bislett og Byrkjelo
Favoritt treningsøkt:150 metrar i full pinne.
Mest utfordrande treningsøkt:45/15 intervallar. Den treningsforma som passar muskulaturen min minst.
Favorittmat: Prima biff
Favorittdrikke: Kaffi og øl
Favoritt avslappingsmetode: På hytta
Favorittmusikk:Gammal listepop
Målsetning: Springe fortare enn før

 

Tekst og foto: Kristin Roset

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy