4197 Views

Da ein ekte olympiar fylte 70

November 23, 2017
Skrevet av:

admin

Han runda 70 i går og kan sjå tilbake på ei minnerik tid som politi- og lensmann, først i Asker og Bærum, seinare i Luster, Leikanger og Sogndal før han runda av yrkeskarrieren på Rjukan.

For svært mange av oss har Kjellfred Weum gleda oss med mange hekkeløp då han som landslagsløpar hadde æra av å vera førstemann ut i alle sine 44 landskampar. Mot sterke nasjonar som Vest- og Aust-Tyskland, Be- Ne-Lux, Romania, Jugoslavia, Tsjekkoslovakia, Canada og ikkje minst, våre nordiske naboar Finland og Sverige kan Weum sjå tilbake på imponerande 25 sigrar. -Me kunne alltid stola på Kjellfred. Han var liksom bautaen i det norske laget og sette standarden, forklarar den tidlegare landslagssjefen Egil Gulliksen om den råsterke lustringen som også fekk med seg OL i Mexico City i 1968 og EM-deltaking i Athen i 1969.

STARTA MED BEDRIFTSIDRETT

Kjellfred vaks opp på Indre Hafslo med gardsarbeid og pliktene som det medførte. Aktiv har han alltid vore, og med ein allsidig bakgrunn hadde han gode føresetnader for å lukkast på idrettsbana. Så mykje organisert trening vart det ikkje i ungdomsåra, det var først i godt vaksen alder at talentet vart oppdaga. Som 16-åring byrja han på yrkesskulen i Sogndal i 1956. To år seinare gjekk vegen til Drammen der han fekk jobb på eit skipsverft. Der var og bror hans, Jens. Dei budde på eit hybelhus med ei streng og myndig vertinne. -Me vart tekne vel vare på, og eg likte godt jobben på slippen. Etter kvart vart eg med i bedriftsidrettslaget. Først var eg faktisk ein habil keeper på fotballaget. Dessutan trena eg ein god del styrke og trena ein del på Marienlyst stadion. For det var friidretten som freista mest. Etter ei treningsøkt kom det ein herremann bort og lurte på kven eg var, og om eg hadde lyst å bli med i klubben, fortel Weum. Mannen han snakkar om er Andreas Larsen Nyhus, sjølv aktiv utøvar og sentral figur i klubben Hellas. Han forstod raskt at her stod han overfor eit sjeldant friidrettstalent. Kjellfred har mykje godt å seia om trenaren sin.

MYKJE Å TAKKA FOR

Han var fenomenal til å sjå kva eg måtte forbetra. Den gongen fanst ikkje video, men han «filma» når eg sprang og viste meg etterpå kva som måtte gjerast betre. Framgangen kom raskt, så Nyhus Larsen har eg mykje å taka for, seier hekkeløparen som alt i 1962 stod fram som ein av dei beste i landet. Jan Guldbrandsen og Ragnar Moland fekk brått ei kjempe av ein løpar ved sida av seg, og det tok ikkje lange tida før dei berre såg ryggen til kraftkaren frå Luster. – Eg var ikkje så rask på dei første metrane. Men mine innpå 90 kilo trong eg litt tid for å nå toppfarten, spøker Weum i godstolen på Indre Hafslo der me sit og mimrar frå 60-talet. – Eg har pers 11,1 på 100 meter, så både Trygve Årøy, Osvald Kvam og Ola Lillesvangstu slo meg der. Og mot dei aller beste hekkeløparane i verda kom dette til syne i større grad, som då eg mangla dei to hundredelane for å nå finalen i Mexico-OL. Teknisk var eg nok heilt på høgden, meiner Weum. Og legg raskt til: -Du verda, eg har fått oppleva meir enn eg nokon sinne kunne drøyma om då eg tok vegen over fjellet til Drammen i 1958. Minnene er mange og sterke, ikkje minst det gode kameratskapet blant landslagskollegaer og kanskje aller mest, tida då eg kjempa med Håkon Fimland.

FEIRA DOBBELTRIUMF

Sunnfjordingen som tok over hekketrona etter Weum og like godt plussa på med seks strake NM-titlar. – Håkon var ein svært allsidig og god utøvar. Me feira eit par triumfar i lag med dobbelsiger i landskampar, og det var stolte bygdegutar som smilte breitt då tavla viste 8 poeng til Norge og 3 til Sverige eller Be-Ne-Lux etter den første øvinga, smiler Kjellfred Weum. Han nemner og svenske Bo Forsander som han kniva med og klarte og slå ved nokre høve. – Ein stor idrettsmann og svært god kamerat som lærte meg mykje og alltid ville det beste. Det er vel dette som heiter ekte sportsmanship, meiner Weum. Då han feira 50-årsdagen hadde kona Ingerid invitert trioen Andreas Nyhus Larsen, Ragnar Moland og Håkon Fimland, utan at ektemannen visste noko som helst. Det var ein mildt sagt forbausa og overraska Weum som opna døra då det banka på. Der på tunet stod to av dei argaste konkurrentane og trenaren frå tida i Drammen. -Då vart han nærmast sett heilt ut av spel, smiler kona som altså klarte å halda invitasjonen hemmeleg.

GOD MEDSPELAR

Og Ingerid har vore ein god medspelar for Kjellfred i alle desse åra. Dei var barndomsvenner og vart konfirmert i lag i Feet kyrkje. Ho flytta etter kjærasten til Drammen alt i 1960, og dei gifta seg i –64. I 1971 flytta dei heim att til Sogn, mange erfaringar rikare. Ingerid var med på nokre av utanlandsturane som til tidlegare Jugoslavia, Canada, Sverige og Finland. Ho fortell om mannen si evne til å fokusera på konkurransen og det som skulle skje i løpebana. – Kjellfred levde gjerne i si eiga verd konkurransedagen. Då var det vanskeleg å få kontakt med han, særleg siste timane før startskotet, smiler Ingerid. – Og det såg ut til at han hadde ei god oppskrift for å få opp farten over hekkane. Var jo stolt over det han presterte, seier frua i huset. Ho fortel om eit lærerikt og interessant opphald på Austlandet der paret budde mesteparten av tida ved Bekkestua i Bærum. Kjellfred gjekk på politiskulen i Oslo frå 1964 og fekk sin første jobb ved Asker og Bærum politikammer i 1967 med base i Sandvika. Dei tre åra der baud på litt av kvart, men først og fremst svært gode kollegaer. – Episoden då eg innhenta ein innbrotstjuv ute ved Snarøya har eg fått høyra mange gonger. Sanninga er at eg verkeleg måtte ta meg saman for å klara det. I full vinteruniform og med tunge støvlar måtte eg ta fram mitt aller ypparste. Då eg endeleg nådde han att, heldt eg han i eit jarngrep, smiler Kjellfred som frykta kommentarane om han ikkje hadde klart å fakka tjuven.

KONGEPOKAL OG OL

Stort var det for Weum då ha vann NM i Trondheim i og sette norsk rekord med 14,0. For det fekk han Kongepokalen. – Det var ein stor augneblink. Kona mi var og med, og me hadde eigentleg tenkt å reisa heim tidleg søndag. Men kona meinte me burde venta til stemnet var over. Ho hadde fått vita at eg skulle få pokalen, men måtte halda det hemmeleg for meg. Det var ein stor augneblink å stå øvst på sigerspallen med Kongepokalen. Då var eg rørt, hugsar Weum. Høgdepunktet i friidrettskarrieren er utvilsamt då Weum deltok i OL i Mexico City i 1968. Det lyser i augene når han skal fortelja om opplevinga der. – Me var der ein heil månad, og det er svært vanskeleg å skildra opplevinga då me marsjerte inn på stadion til opningsseremonien. 100.000 tilskodarar på kjempestore Azetca stadion var ei så sterk oppleving at håra reiste seg på kroppen, fortel Kjellfred vel 40 år seinare der me sit i hagen heime på Indre Hafslo. – At eg mangla eit par hundredelar på å kvalifisera meg til finalen for så vera. Opplevinga å springa i semifinaleheat med OL-vinnaren William Davenport (USA) og bronsevinnar Eddy Ottoz (ITALIA) var meir enn godt nok for meg. Og dessutan fekk eg springa på skikkeleg tartandekke for første gong. Du verda for ein godfølelse, smiler bamsen får Indre Hafslo. – Då Bob Beamon hoppa fantastiske 8,90 meter i lengde, følgde eg det på nært hald. Utruleg. Slik og då Ron Clarke sprang 5000- og 10.000 meter. Store opplevingara der og då. – For alle utøvarar er deltaking i OL mykjemeir enn berre konkurransen. Slik også for meg. Eg måtte verkeleg klypa meg i armen for å forstå at det var verkeleg og ikkje berre ein draum, fortel Kjellfred Weum. I etterkant vart det god tid til å sjå nærmare på mexicansk kultur og folkelynne. Alt saman uslettelege inntrykk og eit privilegium å få vera med på, seier hekkeløparen. For ordens skuld, tida til Weum i Mexico-OL var sterke 14,04 sekundar. Det er berre sju norske utøvarar som har sprunge fortare enn det fram til dags dato! Det høyrer og med til historia frå Mexico-68 at svenske Bo Forsander, hans argaste konkurrent, klarte finaleplassen.

Solid merittliste

Kjellfred Weum kan sjå tilbake på ein imponerande karriere som hekkeløpar. I perioden 1963 til 70 vann han NM åtte gonger på rad, og Kongepokalen i Trondheim 1967 med norsk rekord 14,0 som resultat. På pallen saman med han stod Inger Lise Wærness som sette norsk rekord i høgde med 1,70 meter. Etter sin fantastiske sesong i 1967 der han først vann korthekken mot Sverige på Bislett med tida 13,8 og slo svenske Bo Forsander, sette Weum ny nordisk rekord på den same bana med sterke 13,7 i sin 25. landskamp mot Be-Ne-Lux. BUL-løparen vart for dette heidra med Bislettmedaljen. Ei særs høg utmerking i lag med namn som Ron Clarke, Gaston Roelants, Janusz Sidlo og Ralph Boston av utanlandske namn frå 60-talet. At Kjellfred Weum også var innehavar av europarekorden på 60 meter hekk innadørs, er nok meir ukjent for dei fleste. Dette skjedde i Stockholm i 1965 med tida 7,8 sekundar. Italienaren Eddie Ottoz slo denne tida med ein tidel året etter. Weum kan skilta med fem NM-titlar på korthekken innandørs. Og Weum må ha likt seg godt i Sverige. For vinteren 1967 deltok han i det svenske innandørsmeisterskapen og sikra seg like godt førsteplassen på 60 meter hekk. – Nei seier du det. Det kan eg ikkje hugsa i farten, seier ein forbausa og smilande Weum då SA minner han om tittelen svensk meister på korthekken. Sjuandeplassen og finale i Athen-EM i 1969 er og ein svært god prestasjon. Der sprang han inn til tida 14,1 bak vinnaren Eddie Ottoz og berre to tideler frå bronsevinar Allan Pascoe frå Storbritannia. Som BUL-løpar har Weum og vore med å vinna Holmenkollstafetten.

Ei verkeleg kjempe

Mangeårig sjef for friidrettslandslaget, Egil Gulliksen har mange godord når han skal omtala Weum sin innsats på friidrettsbana. – Han starta jo med bedriftsidrett, men det varte ikkje lenge før han vart ein av berebjelkane på landslaget. Saman med sterke utøvarar som Car Fredrik Bunæs, Thor Helland, Richard Simonsen, Terje Pedersen, Stein Haugen og Berit Berthelsen gjorde Weum sitt til at me vann ei rekkje landskampar mot sterke europeiske nasjonar. Og Kjellfred var alltid første mann ut på 110 meter hekk. Då visste me som regel kva som kom, fortel ein entusiastisk Gulliksen. Han nemner og Håkon Fimland som følgde opp Weum sine resultat på ein framifrå måte. Gulliksen nøler ikkje med å kalla dei to for verkelege topputøvarar. – Med sine haldningar og lojalitet var Kjellfred og Håkon viktige motivatorar i landslags-troppen. Med styrke, eminent teknikk og mentalitet var begge to ekte toppidrettsutøvar. Det var ei stor glede å få jobba saman med slike flotte idrettsutøvarar. Særleg gode minne har Gulliksen frå Bislett og Stockholm stadion då Norge slo Sverige og Finland. – Sjølvsagt med ein pangstart av Kjellfred Weum som sette standarden. Det kjennest godt å tenkja tilbake på slike høgdepunkt for norsk friidrett, uttalar exlandslagssjef Egil Gulliksen og helsar jubilanten på 70-årsdagen.

Hekkeløper Kjellfred Weum i VG-test etter skade. FOTO: ROLF ARNE ODIIN/NTB/SCANPIX

Følg oss på sosiale medier

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy